Vi har ikkje kontroll over teknologiane


Martin Heidegger ser oss i augo og kjem med ei åtvaring: Dersom de trur de har kontroll over teknologiane tek de skammeleg feil. I dette innlegget er eg trollmannens læregut, og vil prøva å forklara kva Heidegger meiner.

Del artikkelen:


Skriven av: Lars Nyre

Publisert: 22.04.2017

“Menneska opphøgar seg sjølve og poserer som herrar over jorda. På denne måten vert det laga ein illusjon om at alt menneska kjem borti berre eksisterer i den grad det er deira eigen konstruksjon. […] Dette er den største fare [the supreme danger]” (Heidegger 1993, s. 232, mi omsetjing frå engelsk).

Folk flest gjer den feilen Heidegger fryktar: I staden for å sjå på teknologi som ei ordning av naturen utifrå dei materielle muligheitene som avslører seg over tid ser dei på teknologi som noko mennesket har skapt for å gjera livet enklare og betre for seg sjølve. Istadenfor den beste forklaringa veljer dei den som er lettast å forstå.

Mennesket set seg sjølv fyrst

Det er politisk korrekt blant forskarar og intellektuelle i Noreg i 2016 å setja mennesket fyrst. Teknologiar er noko det intelligente mennesket brukar som verktøy til å oppnå noko nyttig, viktig eller vakkert.

Teknologi er eit materielt fenomen, akkurat slik menneskekroppen er.

Lars Nyre

Professor

Denne posisjonen vert gjerne kalla sosial-konstruktivisme, og den stammar frå ein humanistisk tilnærmingsmåte. Lat meg ta nokre gode eksempel på denne tenkjemåten.

«Vi må styre teknologien. Hvis ikke tar den kontroll.», seier Jill Walker Rettberg i «Teknodeterminisme» i Bergens Tidende. «Vi får den teknologien vi vil ha”, skriv ho. “Men hvis ingen kommer på å kritisere teknologien, så vil teknologien styres av det som er enklest å få til, og ikke av det som er best for samfunnet vårt». Her føreset Rettberg at me kan styra den.

Bente Kalsnes tek for seg algoritmar. Kor mykje makt har dei, spør ho i «Algoritmenes makt» i Agenda Magasin. Dei har så stor makt at det trengst etiske retningslinjer slik at makta deira vert begrensa. «Det er ikke nytt at ny teknologi påvirker samfunnet rundt seg, det er heller ikke nytt at det utvikles retningslinjer for å påvirke denne utviklingen». Ho viser til sju prinisipp for gode algoritmer, og føreset dermed at det er mulig å styra funksjonaliteten deira.

 

Samfunnet styrer

Andre viktige fagområde har omtrent same teknologiforståing. Sosiologar, psykologar og andre samfunnsforskar føreset at teknologi er noko menneska kontrollerer og lagar politikk med. Teknologiar treng ikkje å verta teoretisert i seg sjølv sidan dei alltid allereie er ein del av dei menneskelege relasjonane. Det er gruppeliv, organisasjonar og relasjonar som formar dei funksjonane teknologien skal ha, ifølgje denne tenkjemåten.

Politikkutforming er også i stor grad sosial-konstruktivistisk. «Teknologien er bare et redskap. Uten gode mål får vi ikke størst effekt der vi trenger det mest», seier Marte Gerhardsen i «Robotpolitikk, takk!» i Aftenposten. Ho siterer den svenske økonomen Stefan Fölster: «Hvordan det digitale samfunnet blir er opp til oss. Det vi vet er at jo større teknologiske endringer, dess større oppgaver blir det for politikken».

 

Teknologi som teknologi

Kva er det som er feil? Humanistane har bygd menneskets forrang inn i språket om verkelegheita sidan renessansen. Denne måten å tenkja på byggjer på verdilada føresetnader om mennesket i staden for ei realistisk forståing av teknologi som teknologi.

Eg er trollmannens læregut, og vil prøva ut nokre alternative tankar om forholdet mellom teknologi og menneske. Punkta nedanfor er inspirert av Heidegger, men også av Bruno Latour, John Durham Peters og fleire. Sjå “Teknologiar er moralske aktørar” for liknande tankar.

 

Teknologi og kropp

Teknologi er eit materielt fenomen, akkurat slik menneskekroppen er. All teknologi står reint fysisk i eit storleiksforhold til kroppen som gjer at det framstår som at den er laga for menneska.

Teknologi og menneske er symmetriske. Kroppen vår står i eit direkte forhold til teknologiske fenomen gjennom persepsjon. Teknologi og menneske fungerer saman fordi vi er laga av det same materialet og følgjer dei same naturlovene, og kan vera deltakarar i same typen ordning av naturen.

Teknologi kommuniserer ikkje med menneska sine språk. Kommunikasjonen føregår med ei materiell energiutveksling, der koden for omsetjing er dei muligheitene som avslører seg i naturlovene over tid. Fartsdumper kommuniserer på ein måte som er typisk for teknologi, medan trafikkskiltet kommuniserer på menneskets måte.

Den dominerande kommunikasjonsforma er delegering til teknologi. Då er det teknologi som utfører handlingar i staden for mennesket. Sekken ber vekta for meg. Bilen fraktar meg over Haukelifjell slik at eg ikkje treng å gå. Denne typen kommunikasjon er gunstig for mennesket, og lettast å teoretisera.

Ein annan muligheit er delegering til menneske. Då er det mennesket som utfører handlingar i staden for teknologien. Eg sjekkar status for Facebook, epost og Twitter veldig hyppig fordi nettverket er “always on” og mitt konsum gjev energi til nettverket. I mange tilfelle er mennesket ein ressurs for teknologiske behov. Denne typen kommunikasjon er farleg for mennesket, og vanskeleg å teoretisera.

Teknologi og tid

Utover den materielle kommunikasjonen er det er eit viktig fellestrekk mellom menneske og teknologi at begge eksisterer i tid, sjølv om måten å eksistera på er ganske forskjellig.

Teknologiane akkumulerer materielt volum over tid. Mengda av ordna natur vert større etterkvart som tida går. Kvar nye bygning føreset sprenging av grunnen så den vert horisontal, og spora av teknologiutvikling er planetariske.

Teknologiar akkumulerer effektivitet over tid. Ein ny teknologi kjem oftast frå ein funksjonalitet som var i ferd med å verta ordna frå før. Vår tids internett og smarttelefoni er ei vidareføring av telefonsentralar og koparledningsnettverk frå tidleg på 1900-talet. Dei teknologiane som vart ordna til for hundrevis av år sidan fungerer også no, i justert form.

 

Skummel avslutning

Martin Heidegger ser folk rett i augo og seier: Dersom de trur de har kontroll tek de frykteleg feil.

Utviklinga av ny teknologi foregår heilt fint utan at menneska forstår kva dei lagar og brukar til dagleg. Det er ikkje nødvendig å ha ein god teori om teknologi for at ting skal fungera. I det 21. århundret er volumet av teknologi større og meir uhandterleg enn nokon gong, og samstundes har mennesket ei like sjølvsentrert forståing av teknologi som alltid før. I sum har mindre styring over handlingane våre enn tidlegare.

“Menneska opphøgar seg sjølve og poserer som herrar over jorda”, skriv Heidegger, og kallar det “den største fare” (“the supreme danger”).

Referansar

Gerhardsen, Marte (2016) «Robotpolitikk, takk!», innlegg i Aftenposten 7. januar 2016.

Kalsnes, Bente (2016) «Algoritmenes makt», i Agenda Magasin 25. mars 2016.

Heidegger, Martin [1954] (1993) “The Question Concerning Technology” i Basic Writings. London: Routledge. Sjå oppslag på Wikipedia English.

Rettberg, Jill Walker (2016) «Teknodeterminisme», innlegg i Bergens Tidende 17. januar 2016.

Foto av Martin Heidegger ved ukjent fotograf. Henta frå: http://www.fronterad.com/?q=heidegger-fotografia

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *