“Tilhører”: Ei lokativ lydreise


Jon Hoem er Førsteamanuensis på Høgskulen i Bergen, senter for nye medier. Han forskar på blant anna webmedier og lokative medier. — «Tilhører» er både eit kunstprosjekt og eit forsøk der vi prøvar ny teknologi, seier Hoem. Kan redaksjonar dra nytte av eit slikt medium som baserar seg på lokalisert lyd?

Del artikkelen:


Skriven av: Aleksander Nygård Tonheim

Publisert: 13.06.2016

«Tilhører» er ein lydinstallasjon der ein nyttar hodetelefonar styrt av ein mobilapplikasjon. — Lydbiletet blir påverka av brukarens posisjon i Foajehagen ved Høgskulen i Bergen. Ambisjonen er å utforske korleis eit slikt nytt medium opplevast av det allmenne publikum, blant anna dei som i framtida kan tenkast å vere interesserte i allmennkringkasting via lokativ radio, seier førsteamanuensis Jon Hoem.

Fakta om “Tilhører”

“Tilhører” er ein applikasjon som presenterer ei lydreise som tek i bruk Bluetooth beacons for å skapa ei forteljing for brukaren.

I prosjektet har det blitt forska på “mikrolokalisering”, og analyse av bevegelsane til informantane ved bruk av applikasjonen. 

Deltakarar Professor Lars Nyre, professor Bjørnar Tessem, førsteamanuensis Jon Hoem, programmerer Johannes Ringheim, og vitskapeleg assistent Joakim Vindenes.

Funksjonar i «Tilhører»

— Lydbiletet har tre «nivå», eit grunnleggande lydbilete, som gir relativt klare indikasjonar på at vi lydmessig befinn oss på ein jernbanestasjon. På toppen av dette ligg ein del effektlydar, som definerar ulike område gjennom distinkte lydar, som til dømes ein gatemusikar, lydar frå ein park og så vidare. I tillegg blir det spela av stemmer frå seks forskjellige personar, der dei seier ei setning som kjem i ei tilfeldig rekkjefølgje ut i frå brukarens lokasjon. Applikasjonen er koda i Objective-C av Johannes Ringheim, programmerar ved Senter for nye medier.

Mediet brukar Bluetooth LE, beacons for «mikrolokalisering» (dvs lokalisering på individnivå). Det vil seie at systemet vil vite meir nøyaktig kvar brukaren bevegar seg, enn lokalisering via GPS som kan gi feilmargin av brukarens lokasjon på omlag ti meter

«Tilhører» brukar lyd til å skapa ei slags forteljing for brukarane.

«Tilhører» skapar ei lydreise for brukaren då historia føregår på ein jernbanestasjon.

Applikasjonen hentar informasjon frå smarttelefonens Bluetooth-mottakar via Apples iBeacons protokoll og nyttar posisjonen til å berekne kva innhald som skal spelast av.

Kontrollen av lydbiletet styrast ved hjelp av Pure Data, som spelar av fleire lydspor i sanntid.

Lydane panorerast i forhold til brukarens orientering, bestemd av endringar registrert av smarttelefonens akselerometer.

— Det bør seiast at forsøka våre har vist at Bluetooth er i mindre grad egna for å oppnå «mikrolokalisering», men vi kan likevel oppnå ein godt personalisert lydoppleving, legg Hoem til.

Utforsking av Sonic Augmented Reality

Hoem fortel at dei tidlegare har utførd forsøk med visuell Augmented Reality. — Lyd har på mange måtar vore interessant i forhold til AR, fordi mediet er meir «tilgjevande» enn kva som er tilfelle for visuell representasjon, samstundes som det gir andre forteljarmessige moglegheiter.

«Tilhører» er eit forsøk på Sonic Augmented Reality, som tar i bruk meir komplekse formar for avspeling av lyd. — Lyd brukast for å forsterke opplevinga av ein stad, eller skapa følelsen av å vere ein annan stad. Vi har lenge arbeida med ulike formar for lokative uttrykk, men då i hovudsak ved hjelp av GPS-posisjonering. Bluetooth LE er ein teknologi vi har ynskt å sjekke ut med hensikt til å supplere GPS for betre innandørs posisjonering, fortel Hoem.

Redaksjonar kan skapa ein personleg «Lokativ radio»

— Innanfor feature og dokumentar har Sonic Augmented Reality definitivt eit potensiale, seier Hoem. Redaksjonar kan skapa ein annan måte å formidle saker til publikum, då ein kan skapa ein «lokativ radio» som baserar seg på mellom anna brukarens interesse og lokasjon.

Hoem forklarar korleis han ser føre seg den personlege «lokative radioen»: — Sett at eg er på veg til jobb gjennom Bergen sentrum og passerer over Torgallmenningen. Eg høyrer på lokalradioen og får siste nytt, då dei same nyheitene som alle andre, men med musikk som er heilt eller delvis tilpassa mine preferansar. Eg passerar Sundt-bygget, og sidan eg er arkitekturinteressert, og har ein interesseprofil som reflekterer det, har eg allereie høyrd ein feature om arkitekten Per Grieg. Sidan systemet veit at eg allereie har høyrt om Grieg får eg i staden ei sak om kunstnaren Sofus Madsen, fordi det er han som har laga Merkur-statuen på toppen av Sundt-bygget. Kanskje får eg eit tips om å legge om ruta på veg heim, slik at eg kan få med meg ein annan historie, knytt til ein av Madsens andre statuer, oppe ved Den nationale scene, fortel Hoem.

Ved å bruke ein kompleks mediemiks, delvis knytt til direktesending av til dømes nyheiter, og knytt til andre saker knytt til brukarens preferansar basert på brukarens lokasjon til ein kvar tid, vil ein skapa ein god «lokativ radio».

Testa to versjonar av applikasjonen

Det er testa to versjonar av applikasjonen, der det i den eine versjonen blir spela av effektlydar utan bruk av panorering når brukaren snur seg, der berre ein personstemme blir spela av om gongen. Den andre versjonen er meir kompleks, då den nyttar panorering av effektlydar, der det er to ulike personstemmer som blir spela av om gongen, ein i bakgrunnen og ein i framgrunnen.

Ei konseptuell skisse som viser overgangen mellom to personstemmer
— Alle testane blei gjennomførd med kontinuerleg logging av kva mediefilar som til ein kvar tid vart spela av, og kva Bluetooth-sendarar som blei registrert nærast brukaren. Hoem seier også at resultata frå loggdataa syner ein klar samanheng mellom dei to versjonane og bevegelsesmønsteret til respondentane. Versjonen med panorering av lydeffektar og forteljarstemmene viste resultat av meir bevegelse frå informantane enn i den enklare versjonen.

Anbefalt for deg

Radio intelligens

Radio Intelligens er eit massemedium (ikkje eit verktøy) for radioliknande innhald. Utforsking av syntetisk tale og talegjenkjenning i radioprogram.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *